Grensetreff.

Langhelga 28. – 30. august 2015 arrangerte Arnaringen nok et Grensetreff på Honne Konferansesenter på Biri. Deltakare var frå Arnaringen (34), Asker Folkedanslag (16), Folkedanslaget Rondo (12), Valbo Folkdanslag (18) , Leikarringen Rakne(9), og Mora Folkdanslag (8). Vi vart såleis tett opp mot 100 dansare tilsaman. Veldig kjekt at så mange deltok denne gongen. Vi frå Arnaringen kom med eigen buss frå Bergen, med ein god sjåfør som tok oss sikkert og trygt fram og tilbake. Etter ein god middag fredag dansa vi til ut i dei små timar. Laurdagen vart det dansa heilt frå morgonen av. Men vi hadde ein pause midt på dagen til uteaktivitetar – pilkasting, ballspel, støvlekasting osv. Dette var ein konkurranse laga imellom. Vi fekk også læra ulike nye dansar frå dei andre laga. Sundag returnerte alle heimatt etter ein god frukost.

Arrangementet som heilheit var særs vellukka og alle dansarane gav uttrykk for at dei hadde likt seg godt. Været var også på vår side med sol begge dagane. Maten på Honne er svært god – og kortreist! Spelemenn på dette arrangementet var Arvid og Ingolf Torsvik på trekkspel.

Arne Brikeland var også denne gongen primus motor for arrangementet, godt hjelpt av komitémedlemmer Hilma Raknes og Per Sletbakk. Ein stor takk til desse.

Alfhild.



Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Kommentar

Ikke sikker på hva du kan si? Legg igjen en hilsen eller en kommentar til innlegget!